NYHETERKRISTENLIVMENINGERLYD & BILDEVÆRETKONTAKT OSSKUNDESERVICEKRISTENBLOGGJERUSALEMBLOGG
Trongare for kristen tru


Det er tydeleg at kristen tru er i ferd med å få trongare kår i Vesten, inkludert i vårt eige land. Dette skjer i Europa, det kontinentet som frå gamalt av er rekna som det kristne. Når vi seier at kristentrua får trongare kår, tenkjer vi ikkje i første rekkje på at det er mindre oppslutnad om gudstenester og kristne møte og reduksjon i misjonsarbeidet, men vi tenkjer på kristentrua sin plass i det offentlege rommet og som rettesnor for samfunnet. Hjå oss kom dette på nytt til uttrykk ved at Stortinget tysdag innsnevra retten trussamfunn og idelogiske institusjonar har til å stilla krav til tru og livsførsel ved tilsetjing av medarbeidarar. Det er eit angrep på religionsfridomen generelt og ei innsnevring av livsrommet for kristentrua spesielt.

Det er no ei generell innsnevring av religion og tru si plass i samfunnet i Vest-Europa. Det vert kontinuerleg arbeidd for ein stadig meir sekularisert stat, der religiøs utøving vert vist til det private rommet i heim og i trussamfunn. Det kjem til uttrykk i lovgjevinga, i undervisninga i skulen og i korleis truande av ulike religionar kan markera trua si i det offentlege rommet. Det er paradoksalt at dette skjer i eit tid der åndeleg lengsel og ulike religiøse ytringar er på frammarsj, og der innvandring fører til eit større synleg religiøst mangfald.
Vilje til innsnevring ser vi i debatten om korleis muslimske kvinner kan og bør kle seg, og med det korleis religiøse symbol vert vurderte. Det gjeld ikkje berre i yrke der det dreier seg om forhold til ei uniform, slik som i politiet, men generelt. Dersom det ikkje kan aksepterast at muslimar kan bera religiøse symbol i det offentlege rommet eller i spesielle situasjonar, kan sjølvsagt heller ikkje andre truande gjera det ut frå forståinga av likestiling og religionsfridom. Då kan ikkje kristne lenger bera ein synleg kross, og det i ein tusen år gamal kristen kultur! Det er både skremande, historielaust og latterleg.
Det viser seg svært ofte at debattar som går hjå oss, også går i andre vest-europeiske land. Det gjeld med tanke på verdispørsmål, lovgjeving og korleis ein tenkjer om samfunnet og det offentlege rommet. England er kanskje det landet som dei seinare åra har stramma mest inn med tanke på livsrommet for kristen tru, trass i den sterke kristne tradisjonen som er i landet. Det gjeld ikkje minst bruken av kristne symbol og kristendommens plass i samfunnet generelt.
Skal kristentrua få ha sitt rettmessige livsrom og få verka fritt etter sin indre karakter, må alt kristent arbeid utførast av kristne menneske som trur, lærer og lever i samsvar med kristentrua. Då må ein i alt kristent arbeid kunna stilla krav om dette til dei som skal tilsetjast i ulike stillingar. Den frie tilsetjingsretten som gjev eigaren av ein livssynsbasert institusjon retten til sjølv å definera kva stillingar det må setjast bestemte krav til, og kva krav dette skal vera, er her fundamental. Det same er retten til frie institusjonar, særleg frie skular.
Denne retten krenka Stortinget med å fråta eigaren den absolutte tilsetjingsretten. No er denne retten definert av staten, og med det i siste instans av domstolane.

Del|

(11.03.2010 kl. 05:00)

Tips en venn
 
Biskop Erling J. (03.9.10)
 

Natt til onsdag kunngjorde USAs president Barack Obama at USAs kampoppdrag i Irak er over, og at det irakiske folk nå har hovedansvaret for sikkerheten i landet. (02.9.10)
 

LEDER: "Dagfinn Høybråten liker det garantert ikke. Men det er likevel mye som tyder på at han leder et av landets mest islamskeptiske partier."

 (01.9.10)
 

I går presenterte vi Agnete Gullestad Haaland, påtroppende teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen. (31.8.10)
 

Sentralstyret i Kristelig Folkeparti gikk onsdag inn for å støtte strategiutvalgets forslag om å droppe bekjennelsesparagrafen.

 (27.8.10)
 

"Selv om Nord-Korea er verdens mest lukkede land, er regimets overgrep mot sitt eget folk etterhvert godt dokumentert i all sin gru."

 (25.8.10)
 

LEDER: "Vi anser ikke at det største problemet i dagens kristne miljø er loviskhet i forhold til alkohol."

 (24.8.10)
 

Annonse
Hurtiglenker
Været
Webpastoren
Webradio
Podcast
Israel

LEDER:

"Reparasjoner på kirkebygg har gang på gang utløst muslimske opptøyer i Egypt. Driver den muslimske TV-kanalen Al-Jazeera kritisk journalistikk om dette?"

 (19.8.10)

76 år gamle Einar Møbjerg og de rundt 300 andre som har tatt kontakt med NRK kan nå glede seg over at Fedrelandssalmen er på plass igjen på P1 søndag morgen klokken 06.57.

 (18.8.10)

Planene om å bygge moské og islamsk kultursenter bare et par kvartaler unna Ground Zero, plassen der Tvillingtårnene sto i New York, vekker sterke følelser.

 (17.8.10)
 

Sjokk, bekymring — og beundring. (10.8.10)
 

I morgen er det en uke siden urolighetene på grensen mellom Israel og Libanon hvor en israelsk offiser, to libanesiske soldater og en journalist ble drept. (09.8.10)
 

Annonse
Våre kolleger Vårt Land og Norge IDAG har havnet i redaksjonell ordstrid. (06.8.10)
 

Religiøs intoleranse er i ferd med å bli en like viktig grunn til forfølgelse av minoriteter som rasisme, viser en rapport som ble offentliggjort i sommer. (05.8.10)
 



Utviklet av React Solutions AS