NYHETERKRISTENLIVMENINGERLYD & BILDEVÆRETKONTAKT OSSKUNDESERVICEKRISTENBLOGG
Nordmenn isolerer seg


Klikk her for å prøve DM 2 uker gratis
Hurtiglenker
Under generalforsamlinga til Normisjon hevda ein av misjonærane at nordmenn isolerer seg eller er i ferd med å verta isolerte i høve til den globale fattigdommen. Det var ei utvikling han hadde merka dei siste åra, saman med at nordmenn stadig vert rikare. Den første reaksjonen på denne observasjonen er truleg at dette ikkje kan stemma. Vi er opne og vi ønskjer å vera opne, vi fylgjer med i kva som skjer globalt og vi er svært aktive på nødhjelps- og bistandssektoren. Ved nærare ettertanke må vi gje den erfarne misjonæren rett. Vårt sterke fokus på velferdsstaten og vår stadig større materielle rikdom gjer oss sjølvopptekne. Blikket vårt vert vendt innover, ikkje utover.

Misjonærens påstand var for oss uventa og dramatisk, og han sette i gang ein tankeprosess der vi måtte reflektera over kva pengar, materiell rikdom og velferd gjer med oss og haldningane våre. Vi måtte også reflektera over kva all informasjonen gjer med oss og med evna vår til å ta inn over oss det som ligg i kunnskapen.
Vi er i ferd med å koma til ei radikal erkjenning av at velferdsstaten og informasjonssamfunnet gjer oss avstumpa, mindre følsomme overfor menneske i nød, reduserer evna vår til erkjenning av den faktiske situasjonen og med det lukkar oss inne i oss sjølve — isolerer oss.
Frå ei side sett er dette ikkje ei aktiv og vilje isolering, fordi det er utviklinga i tida som skaper henne. Frå andre sida sett er det ei vilja om enn umedvita isolering, fordi vi vil ha større velferd og meir rikdom — og då kjem vi ikkje unna dei negative fylgjene av dette ønskjet.
Nett sidan denne isoleringa delvis skjer uønskt og umedvite, er det di meir nødvendig at vi set fokus på det og gjer alt som står i vår makt for å motverka det. Utviklinga og isoleringa er i strid med den kristne forvaltartanken og den kristne nestekjærleiken. Difor er det ei kristenplikt å ta problemet på alvor og motverka det i eige liv, i den kristne forsamlinga og i samfunnet.
Heile tanken om at nordmenn isolerer seg eller vert isolerte, frontkolliderer med alt vi tenkjer om landet og folket vårt. Like frå vikingtida til vår tid har vi vore eit folk som har hatt augo vende utover og vi har søkt ut. Det gjeld alt frå vikingane sine røvartok, via skipsfarten og næringslivet, misjons- og bistandsarbeidet, den globale studie- og feriekulturen til freds- og meklarinnsatsen. Vi er ei internasjonal stormakt i freds- og bistandsarbeidet.
Det er altså ikkje på det ytre planet eller med tanke på aktivitet isoleringa skjer, men på det indre og mentale planet. Misjonæren opplevde at det for kvar gong han var heime, var det vanskelegare i nå inn i nærmiljøet med situasjonen for dei fattige han levde blant ute. Informasjonen aukar, men evna til å ta inn over seg det ein vert informert om, minkar. Med det minkar også engasjementet for dei fattige, og engasjementet for sin eigen situasjon aukar.
Dette vitnar om at rikdommen og materialismen — mammon — er ei åndsmakt som bind, og som utviklar egoismen. Den som har mykje, vil ha meir, med den fylgja at den som har lite, kjem i bakleksa. Det skjer ei isolering på det mentale planet med destruktive fylgjer for folk i nød.

Del|

(29.06.2009 kl. 05:03)

Tips en venn
 
Ved forrige årsskifte fokuserte medier flest på den tre uker lange krigen Israel førte i Gasa mot terroristene fra Hamas. (02.1.10)
 

Etter det heftige utbruddet av krigstromming mellom Israel og Syria midt i forrige uke har hele langhelgen i Midtøsten vært dominert av modererende uttalelser og beroligende gester. (09.2.10)
 

Diakoni kan definerast på ulike måtar, men det spørst om ikkje apostelen Paulus har gjeve den beste og enklaste definisjonen når han til Guds folk seier: «Lat oss difor, medan vi har tid, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trua til. (08.2.10)
 

Spørsmålet om kristent arbeid av ulikt slag skal ha lov til å stilla krav til tru, tenking, haldning og livsførsel hjå tilsette, er djupast sett eit spørsmål om retten til kristent arbeid. (06.2.10)
 

Alle de store israelske avisene hadde i går forsideoppslag om plutselige syriske krigstrusler mot Israel. (05.2.10)
 

Det er ting som tyder på at både Israel og USA for tiden gjennomfører en militærtstrategisk omvurdering vis-a-vis Iran og den iranske atombomben. (04.2.10)
 

Er det avisens oppgave å åpne spaltene for innlegg som har et helt annet syn på det profetiske ordet og Guds løfter til jødene enn det som Bibelen hevder? Slik spør Oskar Edin Indregaard i et innlegg 02. (03.2.10)
 

Annonse
Hurtiglenker
Været
Webpastoren
Webradio
Podcast
Israel

For noen dager siden portretterte schibstedavisen Verdens Gang lederen for Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, som noe i retning av en partidiktator. (02.2.10)

Fredag møtte tidligere statsminister Tony Blair for Chilcot-kommisjonen i Westminster. (01.2.10)

Det kan synes som det de siste årene vært en økende trend i kristenheten til å forklare katastrofer som rammer med ulike varianter av temaet Guds straffedom. (30.1.10)
 

Hele journaliststaben i avisen The Jerusalem Post er gått til det nokså uvanlige skrittet å skrive fellesinnlegg på debattsidene i egen avis. (29.1.10)
 

Profeten Amos levde 750 år før Kristi fødsel. (27.1.10)
 

Annonse
«Israels land frelser ingen», skriver kapellan Endre Fyllingsnes i en spissformulert overskrift over et debattinnlegg 20. (26.1.10)
 

På lederplass 16. (25.1.10)
 



Utviklet av React Solutions AS