Tilfeldig: ñ Det er heilt tilfeldig. Det er to dyktige kandidatatar, og det viktige er at dei har tillit, seier Kjell Ingolf Ropstad om at to opne homofile er innstilt til sentralstyret i KrfU.
Foto: Dm-arkiv.
Truskrav til debatt
Det første steget for å kunne fjerne vedkjenningsparagrafen, justert tilnærming til ekteskapslova og val av homofile landsstyremedlemmer står på dagsordenen under KrFUs landsmøte til helga.
TORE HJALMAR SÆVIK
Sakspapira tilseier at nytt hovudprogram for dei neste fire åra, med meir heilskapleg satsing på bistand og handlekraft i miljøpolitikken som hovudsaker, skal få merksemd i forkant av landsmøtet i Bergen. Interessa er likevel større rundt kva signal landsmøtet vil gi om profileringa av partiet etter det dundrande valnederlaget sist månad.
Skeptisk til fjerning
Eit knippe sentralstyremedlemmer og ein del fylkesleiarar i KrFU går inn for å fjerne den såkalla verneparagrafen. Det er første steget på vegen for å kunne ta bort kravet om at tillitsvalde i partiet må vedkjenne kristen tru. Denne prosessen vil ta minst fire år. Det må nemleg vere to tredels fleirtal to år på rad i landsmøtet for å fjerne verneparagrafen, som seier at føremålet og vedkjenningsparagrafen ikkje kan endrast. Deretter må det vere to tredels fleirtal to år på rad for å fjerne vedkjenningsparagrafen.
KrFU-leiar og fersk stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad seier til DagenMagazinet at han er mellom dei som er skeptiske til å fjerne vedkjenningsparagrafen, utan at han har konkludert. Men han meiner det er viktig at KrFU tek debatten.
Barn og religionsfridom
Ropstad meiner også det er viktig at partiet begynner å diskutere korleis ein skal møte utfordringane som den nye ekteskapslova reiser. I går melde Vårt Land at han framfor landsmøtet lanserer eit forslag som seier ja til homobryllaup hos byfogden og med dette tonar kraftig ned kampen mot ekteskapslova. Til DagenMagazinet presiserer han at det heller handlar om å oppnå mest mogeleg av det partiet meiner er viktig.
— Oppgåva vår er å liggje i forkant. Hadde vi vunne valet, så hadde vi hatt ein annan situasjon. No er det viktigaste for oss å ivareta religionsfridomen og barnas beste, seier Ropstad. Han framhevar at han står fast på partiets motstand mot ekteskapslova.
Men KrFU-leiaren viser til at Arbeidarpartiet og SV har signalisert at dei ønskjer ein liturgi for homofile par i statskyrkja. Derfor har han gripe fatt i eit forslag Norges Kristne Råd lanserte i fjor om å gjere alle vigsler borgarlege og la trussamfunna avgjere sjølve kva samliv dei vil velsigne. Han understrekar at han ikkje vil tvinge trussamfunna til å seie frå seg vigselsretten, men gå i dialog med dei for å finne ei best mogeleg løysing.
Homofile kandidatar
Det er også blitt kjent at valkomiteen har innstilt to opne homofile til sentralstyret, den eine som fast medlem og den andre som første vara. Ropstad seier han forstår det journalistiske poenget i at alt dette skjer på det same landsmøtet, men meiner det er feil å sjå det i samanheng med appellane om å opne partiet etter det dårlege valet.
— Det er heilt tilfeldig. Det er to dyktige kandidatatar, og det viktige er at dei har tillit, poengterer han.
— Det som har vore viktig for meg er å takle dette på ein ryddig og prinsipiell måte. Eg har ikkje vore inne i prosessen til valkomiteen, seier han.
(14.10.2009 kl. 05:17)