DISKRIMINERT:– Eg har i årevis kjempa for likeverd og likestilling. Og så oppdagar eg at eg sjølv vert diskriminert i mitt eige land, seier Reidun Klock Tjervåg om at ei muslimsk kvinne med svart kåpe og skaut slapp å ta av seg i flyplasskontrollen
ILLUSTRASJONSFOTO:SCANPIX
– Omvendt rasisme i flyplasskontroll
Fylkespolitikar Reidun Klock Tjervåg (Sunnmørslista) har meldt G4F Sikkerhet på Gardermoen til politiet for å behandle flyplassasjerar frå vestlege land strengare enn muslimar.
BJØRN ARILD HATLEM
– Dette dreier seg om omvendt rasisme, seier den reiseglade kvinna frå Ørskog til Sunnmørsposten.
Sist laurdag var Reidun Klock Tjervåg og mannen hennar på veg heim frå København. I tryggingskontrollen lenger framme i køen gjekk ei kvinne «i svart fotsid kåpe og skaut». Ho leverte handveska si til gjennomlysing og fekk passere rett gjennom slusa utan å verte beden om å ta av seg eitt einaste plagg, medan Klock Tjervåg fekk beskjed om å ta av seg blazerjakka si.
Krav om likebehandling
– Eg svara at eg ville nytte meg av den same retten som den muslimske kvinna nokre plassar framom meg hadde brukt. Eg bad ikkje om anna enn likebehandling, fortel ho.
Sunnmørsposten skriv at dette kravet skapte eit voldsomt oppstyr, og at ho fekk streng beskjed om at om ho ikkje tok av seg jakka i ei viss fart, ville ho misse flyet heim til Ålesund.
– Kan ikkje ta av yttertøyet
Då politikaren spurde kvifor den muslimske kvinna slapp å ta av yttertøyet fekk ho til svar av den kvinnelege tryggingsbetjenten at dei ikkje har lov å be muslimske kvinner ta av seg yttertøyet – og at det var fordi dei ikkje har noko under.
– Det er eit paradoks midt opp i det heile at det nettopp er terror utført av muslimske grupper som er årsaka til dei svært strenge tryggingsrutinene rundt om på flyplassane, seier Reidun Klock Tjervåg til Sunnmørsposten.
Lik behandling - delvis
Informasjonssjef Jo Kobro ved Oslo Lufthavn Gardermoen seier til den same avisa at regelverket ikkje tilseier at muslimske kvinner skal behandlast annleis på flyplassane når det gjeld ytterklede.
– Dersom det er snakk om kjolar og andre inneklede, treng vedkomande ikkje ta plagget av. Dette gjeld også for norske prestar, seier Kobro.
Han opplyser vidare når ei muslimsk kvinne passerer kontrollen, krev regelverket at vedkomande skal verte kontrollert av ei kvinneleg vakt.
– Menn har ikkje lov til å ta på muslimske kvinner, seier Kobro til Sunnmørsposten.
(04.03.2009 kl. 11:25)