NYHETERKRISTENLIVMENINGERLYD & BILDEVÆRETKONTAKT OSSKUNDESERVICEKRISTENBLOGGJERUSALEMBLOGG
Rett til kristent arbeid


Spørsmålet om kristent arbeid av ulikt slag skal ha lov til å stilla krav til tru, tenking, haldning og livsførsel hjå tilsette, er djupast sett eit spørsmål om retten til kristent arbeid. All type åndeleg arbeid må utførast av folk som står for dette i overtyding og liv. Kristent arbeid må difor styrast og utøvast av kristne personar. Sidan det er ulike kristendomsoppfatningar må kvart arbeidslag ha rett til å velja og tilsetja folk som står for den åndelege profilen verksemda står for. Lovverket må sikra alle typar religiøst og livssynsmessig arbeid rett til å sikra seg at dei får og har medarbeidarar som er i stand til å fremja føremålet med verksemda. Tilsvarande må det også vera ei lovgjeving som gjer det økonomisk mogleg å driva arbeid av denne typen.

Det var lenge sjølvsagt at kristne verksemder hadde rett til å stilla krav til kristen tru og kristent liv hjå sine tilsette, og då i samsvar med den læremessige og etiske forståinga som verksemda stod for. Denne retten har kome under eit stadig sterkare press frå ei likestillings- og diskrimineringstenking som er totalitær i sitt vesen. Difor har vi her med eit testspørsmål for samvitsfridomen og organisasjonsfridomen å gjera.
For ei tid sidan leverte Graverutvalet ei innstilling om desse spørsmåla med tanke på ny lovgjeving. Utvalet sitt framlegg er ei innskrenking av retten til å spørja etter tru og livsførsel, og med det ei innsnevring av religionsfridomen. Regjeringa ha lagt lagt fram eit lovforslag i tråd med utvalet si tilråding.
Det er godt at det frå kristent hald på brei basis har vorte reist ein sterk og prinsipiell protest mot framlegg. Protesten har også fått tilslutnad frå Islamsk Råd og frå Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn. Det er altså semje på tvers av religionar og livssyn på dette punktet, og det bør styresmakta merkja seg. Graverutvalet argumenterer primært ut frå eit samfunns- og fleirtalssynspunkt, medan utgangspunktet må vera minoritetssynspunktet og samvitsfridomen — som er orienteringspunktet for menneskerettane.
Det er fundamentalt at religiøse og livssynsmessige organisasjonar kjenner synet til sine tilsette, og då må ein ha lov til å spørja etter dette. Det kan ikkje gjelda berre trussamfunn og for direkte forkynnande og undervisande stillingar. Det må omfatta religiøst arbeid generelt, altså ut frå verksemda sitt grunnlag og føremål. Då må også institusjonen sjølv kunna definera kva stillingar og funksjonar som inngår i å nå målet for verksemda og kva krav det må stillast krav til desse.
Dersom vi tek ein kristen skule som døme, må ein forstå alle stillingar og funksjonar i lys av oppgåva med å formidla kunnskapar og handlingar gjennom undervisning, samtale og førebiletefunksjonen. Det ville vera ei nedvurdering, altså diskriminering, om ein heldt nokre stillingar utanom skulen sitt føremål og arbeidet med å nå dette.
Som trua er ein naturleg del av ein kristen skule sitt verdigrunnlag, er tru og liv også integrert del av ein persons liv, og må hjå den tilsette difor vera i samsvar med det skulen står for. Dersom ein nektar dette, driv ein diskriminering ved å påtvinga andre syn og haldningar dei ikkje ønskjer. Dersom kristne skular og høgskular ikkje får lov til å ha ein fri tilsetjingsrett og handla i samsvar med si overtyding, diskriminerer ein foreldre som ønskjer å senda borna i slike skular og studentar som ønkjer å studera ved slik høgskular.
Ved overrekkinga av eit notat om saka til Stortinget frå ei rekkje trus- og livssynsorganisasjonar uttalte Ap-representant Gunn Karin Gjul at det er «meget spissfindig juss som skal til for å lage et regelverk der unntaksbestemmelsene ikke blir utvidet for mye og dermed går ut over andre menneskeretter».
Dette er kort og godt feil. Det er tvertimot svært enkelt. Det heile løyser seg om ein tek utgangspunkt i verksemda sitt føremål og i at institusjonen sjølv får definera stillingane, slik Kristne Friskolers Forbund føreslår: «Virksomheter som har som formål å fremme bestemte politiske, kulturelle eller religiøse syn, definerer selv stillingens karakter og hva som er av betydning for å gjennomføre sitt formål.»



Del|

(06.02.2010 kl. 05:02)

Tips en venn
 
Biskop Erling J. (03.9.10)
 

Natt til onsdag kunngjorde USAs president Barack Obama at USAs kampoppdrag i Irak er over, og at det irakiske folk nå har hovedansvaret for sikkerheten i landet. (02.9.10)
 

LEDER: "Dagfinn Høybråten liker det garantert ikke. Men det er likevel mye som tyder på at han leder et av landets mest islamskeptiske partier."

 (01.9.10)
 

I går presenterte vi Agnete Gullestad Haaland, påtroppende teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen. (31.8.10)
 

Sentralstyret i Kristelig Folkeparti gikk onsdag inn for å støtte strategiutvalgets forslag om å droppe bekjennelsesparagrafen.

 (27.8.10)
 

"Selv om Nord-Korea er verdens mest lukkede land, er regimets overgrep mot sitt eget folk etterhvert godt dokumentert i all sin gru."

 (25.8.10)
 

LEDER: "Vi anser ikke at det største problemet i dagens kristne miljø er loviskhet i forhold til alkohol."

 (24.8.10)
 

Annonse
Hurtiglenker
Været
Webpastoren
Webradio
Podcast
Israel

LEDER:

"Reparasjoner på kirkebygg har gang på gang utløst muslimske opptøyer i Egypt. Driver den muslimske TV-kanalen Al-Jazeera kritisk journalistikk om dette?"

 (19.8.10)

76 år gamle Einar Møbjerg og de rundt 300 andre som har tatt kontakt med NRK kan nå glede seg over at Fedrelandssalmen er på plass igjen på P1 søndag morgen klokken 06.57.

 (18.8.10)

Planene om å bygge moské og islamsk kultursenter bare et par kvartaler unna Ground Zero, plassen der Tvillingtårnene sto i New York, vekker sterke følelser.

 (17.8.10)
 

Sjokk, bekymring — og beundring. (10.8.10)
 

I morgen er det en uke siden urolighetene på grensen mellom Israel og Libanon hvor en israelsk offiser, to libanesiske soldater og en journalist ble drept. (09.8.10)
 

Annonse
Våre kolleger Vårt Land og Norge IDAG har havnet i redaksjonell ordstrid. (06.8.10)
 

Religiøs intoleranse er i ferd med å bli en like viktig grunn til forfølgelse av minoriteter som rasisme, viser en rapport som ble offentliggjort i sommer. (05.8.10)
 



Utviklet av React Solutions AS