DagenMagazinet får opplyst hjå Fylkesmannen at to kristne trussamfunn er registrert i år. Fylkesmannen sendte brev om dette til Kristent Fellesskap i Kvinnherad 15. mai og til Indremisjonsforbundet 4. november.
Advarer mot ImF-trossamfunn
– Det stemmer at vi blei registrert tidlegare denne månaden. Av praktiske omsyn har vi ikkje gått ut med pressemelding, eller melding på nettsida vår, fordi vi ønskjer å få ut så ryddig informasjon at staben ikkje blir nedlest med mange spørsmål. Men det kjem i løpet av veka, seier generalsekretær Erik Furnes.
Generalforsamlinga vedtok i sommar å søkje om registrering, og ImF rekna med at det ville gå i orden for «ImF Trossamfunn».
Debatt: Kunne du tenkt deg medlemsskap i det nye trossamfunnet?
Viktig for dei det gjeld
– Dette ein milepåle, samtidig som eg er forsiktig som generalsekretær med å gjere det større enn det er. Eg held fast ved det som er sagt før om at det blir ingen oppfordring om å melde seg ut eller inn nokon plass. Men for dei som dette er viktig for, er dette ein viktig milepåle i organisasjonen si historie.
Furnes fortel at ImF også har søkt om vigselrett. Den søknaden har styresmaktene sentralt til handsaming enno.
– Kva vil det ha å seie for ImF økonomisk at ein no kan få 357 kroner per medlem i ImF Trossamfunn?
Vil tilføre pengar
– Det har vi ikkje rekna noko på, og heller ikkje tatt inn i budsjettet. Eg visste ikkje at det var 357 kroner før du sa det. Dette har vore ei heilt underordna sak for oss. Men for dei som har bestemt seg at dei vil melde seg inn, er det eit poeng at det blir gjort før nyttår fordi det vil tilføre økonomi.
Furnes har inga prognose om kor mange personar som kan tenkje seg å melde seg inn i Indremisjonsforbundet si kyrkjerettslege registrering. Dei største miljøa i ImF med folk som allereie har gått ut av Den norske kyrkja er å finne i Fredheim i Sandnes, Betlehem i Bergen, Sunnmørskirka i Ålesund og IM-kirken i Åsane.
Første ImF-formann frå Austlandet
– I løpet av dei næraste dagane vil vi på nettsidene våre leggje ut den nødvendig informasjon saman med ut- og innmeldingsskjema, seier generalsekretæren til DagenMagazinet.