USIKKER:Prost Ludvig Bjerkrheim i Sandnes er usikker på korleis han skal forholde seg til den nye Stavanger-biskopen.
Foto: Bjørn Arild Hatlem.
Stavanger-prostar usikre på ny biskop
Erling Pettersen kan få ei krevjande oppgåve som ny Stavanger-biskop. Få sokneråd hadde nominert han, og fleire prestar er usikre på kva dei skal gjere.
BJØRN ARILD HATLEM
Ein av dei som ikkje veit heilt kva han skal gjere i forhold til samarbeid med det homofililiberale biskopen, er prost Ludvig Bjerkrheim i Sandnes.
— Eg er litt avventande enno. Eg må eg snakka saman med mine prostekollegaer om korleis vi skal forholde oss til denne situasjonen, seier Bjerkrheim.
Han, og generalsekretær Kjetil Aano i Misjonsselskapet, var den som grasrota i kyrkja helst ville hatt til ny biskop.
— Vil det vere vanskeleg for deg å fungere som prost under den nye biskopen?
— Eg er ikkje klar med noko svar på det enno. Det kan du spørje meg om i slutten av august eller begynnelsen av september. Då skal du få tydelegare svar, seier prost Bjerkrheim.
(02.07.2009 kl. 05:06)