Alt skapt var godt
«Og Gud såg alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.» 1 Mos 1,31
Slik oppsummerer og konkluderer Gud på slutten av den sjette skapingsdagen då alt var ferdig skapt. Etter det kunne han fullføra det heile ved å kvila på den sjuande dagen og gjera denne til ein helga dag — ein dag med velsigning og berekraft for mennesket og heile skaparverket.
Det Gud hadde skapt, var godt på to plan. Det var «såre godt», altså godt i heile si utstrekning, og det var «overlag godt», altså godt på eit overordna plan. Det var med andre ord godt både i omfang og kvalitet. Same kor ein såg og same korleis ein vurderte det, var det godt — noko anna stempel kunne ikkje brukast på skaparverket.
Men no er det slik at folk oppfattar noko ulikt kva som er godt, og særleg i vår tid vert det lagt ein subjektiv målestokk til grunn for å vurdera det.
Kva meinast med ordet «godt» i Guds munn? Jo, det betyr at alt var i samsvar med Gud, med hans vesen og med hans mål og meining med skaparverket. Det er Gud som er den rette og sanne målestokken for kva som er godt, og alt i skaparverket samsvarte med Gud. Han hadde ikkje noko imot noko, men kunne bera omsorg for alt. I det ligg ei rik trøyst.
Johannes Kleppa
Redaktør DagenMagazinet
(09.02.2010 kl. 05:02)