Gud skapte tida
«Og Gud sa: Lat det verta ljos på himmelkvelven til å skilja mellom dagen og natta. Dei skal vera til teikn som fastset tider og dagar og år.» 1 Mos 1,14
Det var først på den fjerde skapingsdagen at Gud skapte sol og måne. Då hadde han alt skapt ljoset, han hadde ordna med skilje mellom himmelkvelven og jorda, skilt mellom hav og fastland og lete det gro fram planter og frukttre på jorda.
Gud skapte altså ikkje sol og måne for å få ljos på jorda. Ljoset var alt laga første skapingsdagen, men på eit eller anna vis knytte Gud ljoset til sol og måne, slik at det vart skilje mellom dag og natt.
Ved at Gud skapte sol og måne fekk vi dagar, månader og år. Gud skapte altså tida i det han sette sola og månen på himmelkvelven. Med det skapte Gud på denne måten også historia. Det vitnar om at Gud har mål, meining og framtidstankar med skaparverket. Han set ikkje berre noko i gang som går sin meiningslause rundgang. Nei, han startar eit historisk tidsløp som har eit endemål.
Om utviklinga i naturen og i tida til tider kan synast både meiningslaus og ute av kontroll, kan vi vera visse på og trøysta oss til at Gud har kontrollen. Han har skapt tida og historia med mål, meining og omsorg.
Johannes Kleppa
Redaktør DagenMagazinet
(08.02.2010 kl. 05:05)